Novemberfilm 2017

November var ein månad med mykje reising, mykje jobb og mykje fint.

Eg trefte Felix, hunden til storesyster Kari for fyrste gong. Var barnevakt og bilkompis med han. Var i Oslo ei jobbehelg, i Stavanger nokre dagar, og så systertur til Oslo igjen for å sjå Book of Mormon på Det Norske Teatret.

Tilbake i Falmouth spelte Pádhraic og Alfie konsert på ein husbåt, dei var oppvarminga for to andre flinke folk, og hadde eit koseleg publikum.

Søndag 19. november sykla eg og P på tur til Potager Garden, og då me kom heim den kvelden vart me forlova.

Velding fint.

 

 

0
Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *