Hei,

Eg heiter Ragnhild. Eg bur i Sogndal i ei gammal leilegheit med mannen min, Pádhraic.

Hausten 2012 flytta eg til England for å studera design, og der møttest vi. Sidan då har vi flytta både fram og tilbake, men våren 2018 landa vi her i Sogn.

Til dagleg har eg ein fin kontorjobb, og på fritida kosar eg meg gjerne med eit eller anna kreativt prosjekt. Eg har og blitt relativt glad i friluft, og innimellom kjem fjellgeit-tendensane fram.

Eg starta blogg fordi eg ville lære meg webdesign og koding.  Det er framleis noko av det kjekkaste eg vet, og eg elskar å læra nye ting om det.

Eg har eit eksponeringsbehovet ca. rett under middels, men eg liker at finst ein liten krok på internett som er min. Eg vil fylla han med fine bilete, filmar, og tankar om kvardagen og det som skjer i livet.

0